Annonse

William og Harry ventast på den raude løparen under Star Wars-premieren

Dei britiske prinsane William og Harry er venta på Europa-premieren på «Star Wars: The Last Jedi». Dei to skal ha statistroller i filmen.

Det britiske kongehuset har ikkje villa kommentere meldingane om at dei kongelege søskena har hatt roller som stormtroppar i sciencefictionfilmen. Dei besøkte filmsettet i april 2016, og blei fotografert då dei møtte skodespelarar og stab, slåst med lyssverd og klemte ein wookie.

Hovudrolleinnehavar John Boyega har uttalt at duoen spelte inn ei scene i den åttande filmen i Star Wars-serien under besøket i Pinewood Studios i London, men det er uklart om scena har overlevd klippinga.

Boyega, Daisy Ridley, Adam Driver og Mark Hamill er blant dei andre stjernene som er venta å kaste glans over gallapremieren på Royal Albert Hall tysdag. Inntektene frå premieren skal gå til den humanitære stiftinga til prinsane, The Royal Foundation.

Filmen er den siste der Carrie Fisher spelar prinsesse Leia. Fisher døydde i desember i fjor, kort tid etter at ho spilte inn dei siste scenene.

(©NPK)

Droiden BB-8 i ei scene frå «Star Wars: The Last Jedi.» Foto: Lucasfilm via AP / NTB scanpix