Annonse

Zlatan: – Vi trur på det vi gjer

(NPK-NTB-TT): Zlatan Ibrahimovic har fått mykje tyn den siste tida. Den svenske stjernespissen er likevel sikker på at Manchester United går i rett retning.

United har berre vunne fire av dei ni første kampane sine i Premier League. Spelet har heller ikkje vore oppløftande, og søndag blei det eit audmjukande 0-4-tap borte mot Chelsea.

Ibrahimovic får særleg mykje kjeft i engelske medium for å rote vekk store sjansar. Han har også fått passet sitt påskrive for laber innsats.

– Vi trur på oss sjølve og det vi gjer, seier Zlatan til United Review.

Onsdag kveld tek United imot byrival Manchester City til derbykamp på Old Trafford i ligacupen.

– Det er dette vi vil. Dei har bra kvalitetsspelarar, og dei veit kva dei gjer. Men det veit vi også. Det er i desse kampane ein får ut det maksimale av seg sjølv, meiner Ibrahimovic. (©NPK)