Annonse

Zuckerberg: - Vi har ikkje gjort nok 

Facebook-gründer Mark Zuckerberg bad om orsaking då han møtte til grilling i EU-parlamentet i Brussel. 

Annonse

- Dei siste par åra er det også blitt klart at vi ikkje har gjort nok for å forhindre at desse verktøya også blir brukt på skadelege måtar. Det gjeld falske nyheiter, utanlandsk innblanding i val og utviklarars misbruk av personopplysningar, sa Zuckerberg i innleiinga si.

- Vi har ikkje sett breitt nok på ansvaret vårt. Det var eit feiltrinn, og eg er lei meg for dette, fortsette han.

Zuckerberg var på plass i EU-parlamentet i Brussel for å forklare korleis analyseselskapet Cambridge Analytica, som hjelpte Donald Trump i valkampen, kunne stele personopplysningar om 50 millionar Facebook-brukarar.

Det var venta at han også ville bli kravd tydelege forsikringar om at persondata ikkje vil bli misbrukt for å manipulere demokratiet i framtida.

Zuckerberg blei spurt ut av dei parlamentariske leiarane i forsamlinga.

Grillinga skulle eigentleg finne stad bak lukka dører, men Zuckerberg gjekk til slutt med på å la møtet bli fjernsynsoverført.

(©NPK)

Grunnleggjar av Facebook Mark Zuckerberg (t.v.) blei tatt imot av presidenten i EU-parlamentet Antonio Tajani (t.h.) då han kom til EU-parlamentet i Brussel tysdag kveld. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix