4.400 fengselsbetjentar til politisk streik

Måndag legg 4.400 fengselstilsette i Noreg ned arbeidet i to timar i protest mot forslaget til statsbudsjett. Dei fryktar for arbeidsplassane sine.

Ifølgje forslaget til statsbudsjett for neste år skal sju fengselsavdelingar i Sør-Noreg avviklast, melder NRK. Det betyr at minst 150 tilsette kan miste jobben, ifølgje Kriminalomsorgens Yrkesforbund, som tar 1.700 medlemmer ut i streik.

I tillegg tar Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF), som er knytt til LO, dei 2.700 medlemmene sine ut i streik.

Bakgrunnen er blant anna at fleire dømte sonar med fotlenke, og at det ikkje lenger skal vere behov for soningsplassar med lågt sikkerheitsnivå.

Statssekretær Knut Morten Johansen (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet seier det ikkje lenger er bruk for fengselsplassane:

- Vi har ein overkapasitet på om lag 250 fengselsplassar med lågare sikkerheitsnivå, og det er derfor nødvendig å legge ned reell overkapasitet av plassar, seier han.

Forbundsleiar Knut Are Svenkerud i Kriminalomsorgens Yrkesforbund kallar forslaget både overraskande og sjokkerande.

Sjølv om det er nye, store fengsel under oppføring blant anna i Froland og Evje på Sørlandet, går ikkje rekneskapen opp verken økonomisk eller bemanningsmessig, ifølgje Svenkerud.

- Eg kan ikkje sjå noko anna enn at dette forslaget vil føre til mange smertefulle oppseiingar, seier han til NRK.

På Sørlandet er det avdelingane på Hove og Kleivgren ved Arendal fengsel som skal leggjast ned. I Vestfold dreier det seg om fengsla i Sandefjord og Hof. I Buskerud blir Hassel fengsel ramma, og i Hedmark, Bruvoll. Under Bergen fengsel er det avdelinga på Osterøy som blir foreslått nedlagt.

(©NPK)

Måndag går 4.400 fengselstilsette her i landet til ein to timar lang politisk streik i protest mot forslaget til statsbudsjett. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix