1,8 millionar menneske har søkt vern i Tyskland

Ved utgangen av 2018 husa Tyskland 1,8 millionar menneske som hadde søkt vern mot krig og forfølging.

Ei oversikt frå det føderale statistiske byrået viser at talet var 101.000 personar høgare (6 prosent) enn ved utgangen av 2017.

Fleirtalet av dei registrerte - 71 prosent - har komme til landet dei siste fem åra. Rundt 62 prosent av dei som har søkt vern, kjem frå Syria, men det er òg store grupper frå Irak og Afghanistan.

Tyske innvandringsstyresmakter merkar òg auka pågang frå Tyrkia og Iran. I desse gruppene er det mange som ventar på behandling av søknadene om opphald.

(©NPK)