Annonse

17-åring dømt til 13 års forvaring for Vinstra-drapet

Ein 17-årig gut er i Nord-Gudbrandsdal tingrett dømt til 13 års forvaring for drapet på 16 år gamle Laura Iris Hagen på Vinstra i oktober i fjor, melder NRK.

Minstetida er sett til åtte år.

Den tiltalte guten har erkjent drapet, men nekta straffskuld fordi han meiner han var psykotisk.

I prosedyren bad aktor, statsadvokat Jo Christian Jordet, om tolv års forvaring med ei minstetid på åtte år. Aktor meinte tiltalte har ei «mangefasettert» og «altoppslukande» interesse for vald, og at drapet var ein grotesk, men planlagt handling.

- Fullstendig uprovosert

- Drapet var fullstendig uprovosert, det var inga årsak, ingen relasjon mellom dei. Det er nærliggande fare for gjentatt grov vald. Fengselsstraff vil ikkje vere tilstrekkeleg, meinte Jordet ifølgje NRK.

Forsvararen til guten, advokat Nora Hallén, poengterte i prosedyren sin at det viktigaste er at klienten hennar framleis får psykiatrisk behandling.

- Både sympatiar og antipatiar må haldast utanfor når ein skal dømme, noko eg særleg vil framheve i denne saka, sa Hallén ifølgje VG.

Sakkunnige

Dei to sakkunnige konkluderte med at den drapstiltalte 17 år gamle guten var tilrekneleg på gjerningstidspunktet. Dersom dei hadde komme til at han var utilrekneleg då drapet skjedde, ville det ha opna for at han ville vorte overført til tvunge psykisk helsevern.

Dei rettssakskunnige meinte òg det er forhøgt fare for at tiltalte vil gjere seg skuldig i nye, alvorlege straffbar handlingar, at han vil trenge lang behandling, og at valdsfiksering framleis er ein del av tankegodset hans.