Annonse

17 sjøfolk blir melde bortført utanfor Kamerun

Åtte ukrainske og ni kinesiske sjøfolk er bortførte utanfor kysten av Kamerun, opplyser tryggingskjelder.

Sjøfolka var på to ulike skip i Guineabukta, som er kjent som eit område med mange piratar.

Meldinga om at fleire asiatiske og europeiske sjøfolk er bortførte, kom allereie torsdag kveld, men først fredag vart nasjonaliteten til sjøfolka kjent.

- Kidnapparane er truleg nigerianske piratar. Kamerunske styrkar har sett i verk ein leiteoperasjon, sa ei kjelde i Kameruns marine til nyheitsbyrået AFP torsdag.

Han opplyste òg at bortføringa skjedde torsdag morgon.

(©NPK)