17 smitta i barnehageutbrot i Oslo

17 personar er stadfesta koronasmitta etter eit utbrot i Røa kyrkjesoknbarnehage i bydel Vestre Aker i Oslo.

Dei 17 personane har til saman 51 nærkontaktar, opplyser bydelsoverlege Åse Ruth Eggemoen til Avisa Oslo.

Ho ser samtidig ein auke i smitten blant unge i bydelen, noko ho knyter til fleire ungdomsfestar.

– Det er ein del smitte blant ungdommar relatert til fleire festar som har vore fleire stader i byen, både i bydel Vestre Aker og andre bydelar, skriv Eggemoen i ein e-post til Avisa Oslo.

Bydelsoverlegen reknar med at det vil dukke opp fleire smittetilfelle den næraste tida.

– Eg er bekymra for at vi blir nøydde til å setje i verk kraftige tiltak når vi ser desse tala. Eg er òg bekymra for at det er mykje mutert virus, sidan vi ser rask smitte mellom personar, skriv ho i e-posten.

(©NPK)