178.000 nordmenn forlét idretten i 2020

Norges idrettsforbund mista 177.835 medlemmer i koronaåret 2020. Idrettspresident Berit Kjøll har som viktigaste prioritet å få dei tilbake.

Talet vart opplyst då Norges idrettsforbund (NIF) møtte pressa digitalt tysdag. Det samla talet medlemskap i NIF ligg på 1,89 millionar.

I juni opplyste NIF at talet på utmeldingar var 185.000. Fire månader seinare er talet justert ned med 8000.

– Éin ting er kva vi gjer i haust, ein annan ting er korleis vi sikrar at alle organisasjonsleiarar jobbar heilt ut i alle idrettslag, for det er der dette slaget står, sa Kjøll.

– Det er utruleg viktig at vi held oppe trykket og ikkje lèt nokon «sleppe unna» med tanke på det viktige arbeidet vi står overfor, sa ho.

– Dette er den aller viktigaste jobben vi gjer no i norsk idrett, la Kjøll til.

(©NPK)

Idrettspresident Berit Kjøll møtte pressa tysdag. Foto: Heiko Junge / NTB.