19 journalistar drepne i Mexico så langt i 2020

Så langt i 2020 har 19 journalistar vorte drepne i Mexico, noko som er det høgaste talet på eit tiår.

Sidan 2010 har 138 journalistar vorte drepne i Mexico, med ein sterk auke dei siste tre åra, ifølgje Alejandro Encinas, som er Mexicos viseminister for menneskerettar.

38 av drapa har skjedd etter desember 2018, då Andres Manuel Lopez Obrador overtok som president i landet.

– Berre 5 prosent av dei 38 drapa utført under denne regjeringa har ført til dommar, seier Encinas.

Mange av drapsoffera dekte krimstoff, og det blir anteke at det er organiserte kriminelle miljø som står bak.

(©NPK)