Annonse

19 koronasmitta etter utbrot på sjukeheim i Vindafjord

I alt tolv bebuarar og sju tilsette ved ein sjukeheim i Vindafjord kommune i Rogaland er smitta av covid-19. To eldre kvinner er døde.

Ei kvinne i 90-åra døydde laurdag på sjukeheimen Vindafjordtunet. Ho er den andre bebuaren som døyr i løpet av kort tid.

– Dette er ein pasient som vart sjuk då vi først oppdaga smitte på avdelinga. Ho testa først negativt, men det viser seg at ho var smitta, seier kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord kommune til avisa.

I tillegg er tolv bebuarar frå same avdeling smitta med koronavirus, skriv Stavanger Aftenblad. Også sju av dei tilsette er smitta.

(©NPK)