20 dissensar i programutkastet til Raudt

Programkomiteen i Raudt skil lag på 20 ulike punkt i forslaget til nytt partiprogram, som vart lagt fram måndag.

Mellom anna er det usemje internt i komiteen i spørsmål om bruk og oppbevaring av rusmiddel til eige bruk skal avkriminaliserast eller ikkje, om skulen skal vere leksefri eller ikkje, og om streikerett for skuleelevar.

Eit mindretal i programkomiteen ønskjer dessutan å stryke eit heilt avsnitt om klimarabatt, der det som staten får inn gjennom til dømes auka CO2-avgift, skal utbetalast til folk som opptrer meir klimavennleg.

Medan eit fleirtal meiner Raudt i perioden 2021–2025 må gå til val på ei «planmessig og demokratisk styrt» nedtrapping av olje- og gassnæringa, vil eit mindretal at partiet skal kjempe for at utvinninga av norsk olje og gass skal reduserast med minst 55 prosent innan 2030 og med minst 95 prosent innan 2040.

Fleirtalet i komiteen vil dessutan ha allmenn stemmerett for 16-åringar, medan eit stort mindretal vil stryke dette punktet. Eit mindretal vil òg stryke eit forslag om å lovfeste rett til fritidsklubbar.

Også spørsmålet om forbod mot selfangst splittar programkomiteen. Og medan fleirtalet ønskjer å seie eit klart nei til nye vindkraftparkar på land, vil eit mindretal mjuke opp punktet.

(©NPK)

Raudt-nestleiar Marie Sneve har leidd arbeidet med nytt partiprogram.
Foto: Ryan Kelly / NTB