20 millionar ekstra til domstolane på budsjettet for neste år

Det er sett av 20 millionar kroner ekstra til digitalisering av norske rettssalar i statsbudsjettet for 2020.

- Dette er rett og slett ein kjempesiger, seier justispolitisk talsmann i Høgre Peter Frølich til Rett24.

Pengane er henta frå andre delar av budsjettet.

- Eg er svært glad for at alle dei fire regjeringspartia har fått auga opp for den ketsjupeffekten ein kan få av å løyse den flaskehalsen som manglande digitalisering i dag er, legg han til.

Domstolsdirektør Sven Marius Urke seier til Rett24 at pengane vil få stor betydning, og at han vil foreslå at dei blir brukte på dei 13 største tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett.

Riksrevisjonen la 22. oktober fram skarp kritikk av den manglande måloppnåinga i domstolane, og der det mellom anna vart peika på saksbehandlingstid og effektivitet.

(©NPK)

Regjeringa har sett av 20 millionar kroner ekstra til digitalisering av domstolane i statsbudsjettet for neste år. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix