Annonse

ELN blir skulda for å stå bak bilbombeangrep i Colombia

Colombias regjering skuldar den venstreorienterte geriljagruppa ELN for å stå bak bilbombeangrepet i hovudstaden Bogota. Dødstalet har stige til 21.

Annonse

Bomba var eit terrorangrep utført av ELN, uttalte forsvarsminister Guillermo Botero fredag.

Bilbomba ramma General Santander nasjonale politihøgskule sør i hovudstaden i morgontimane torsdag. Bilde frå den kaotiske åstaden viste politifolk som bar såra kollegaer på bårer. Langs ein veg låg kroppsdelar og bygningsrestar spreidd.

Det vart først meldt om elleve døde, men fredag oppjusterte styresmaktene talet til 21. Ti av dei totalt 68 såra blir framleis behandla på sjukehus.

Bombeaksjonen torsdag kalla fram minne om dei hyppige angrepa som i si tid skaka Bogota gjennom fleire tiår med gerilja- og narkokrig. No skuldar altså regjeringa Den nasjonale frigjeringshæren (ELN) for å stå bak.

Tidlegare president Juan Manuel Santos innleidde fredssamtalar med ELN, men desse braut saman i fjor. Konservative Ivan Duque vart innsett som president i august og har varsla ei tøffare linje overfor gruppa. Han har òg kravd endringar i fredsavtalen med FARC-geriljaen.

Noreg og Cuba bidrog som tilretteleggjarar for denne avtalen.

80 kilo sprengstoff

Den antekne gjerningsmannen døydde då bilbomba vart utløyst, ifølgje påtalemakta. Det skal ha vore 56 år gamle Jose Aldemar Rojas som køyrde bilen, ein Nissan pickup, med ei bombe som inneheldt 80 kilo sprengstoff.

Alt før skuldinga til forsvarsministeren mot ELN, vart Rojas knytt til geriljagruppa. Han har ikkje noko kriminelt rulleblad frå før.

Styresmaktene har ikkje kunna forklare korleis bilen med sprengstoff klarte å passere inngangsporten til politihøgskulen. Inngangen er permanent sikra med bombehundar, tungt væpna vaktar og overvakingskamera.

- Vi er sterke

- Terroristane er ute etter å skremme oss som samfunn og å angripe staten. Colombia vil vise at vi er ein sterk og sameina stat, og at vi ikkje vil bryte saman som følgje av dette angrepet, sa presidenten i landet Ivan Duque då han besøkte politihøgskulen i etterkant av angrepet.

Colombia har heva grensesikkerheita og kontrollen langs vegane som følgje av angrepet, og presidenten har erklært tre dagars landesorg.

Væpna konfliktar i Colombia har sidan 1958 kravd 260.000 menneskeliv og drive 7 millionar menneske på flukt, ifølgje colombianske styresmakter.

(©NPK)

Helsepersonell ved politihøgskulen i Bogota som torsdag vart ramma av eit bombeangrep. Foto: AP / NTB scanpix