Annonse

29-åring frifunnen for forsøk på barneekteskap

Ein 29-årig irakisk mann er i lagmannsretten frifunnen for forsøk på å inngå ekteskap med ei jente på 14 år. Retten meiner det er tvil om alderen til jenta.

Mannen vart òg frifunnen då saka var opp i Sunnmøre tingrett. Han var òg tiltalt for seksuell omgang med jenta.

Det var dissens i Frostating lagmannsrett, ifølgje NRK. Mindretalet meinte det var bevist ut over rimeleg tvil at jenta var under 16 år. Fleirtalet meiner likevel at det er så stor uvisse om den faktiske alderen at mannen må frifinnast.

Ifølgje Sunnmørsposten har Nasjonalt ID-senter ikkje kunna konkludere med om kopien av fødselsattesten frå heimlandet til jenta er ekte eller ikkje.

(©NPK)

Mannen er frifunnen både i tingretten og lagmannsretten. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix