Annonse

355 pasientar unødvendig opererte

Dei siste fem åra har Norsk pasientskadeerstatning (NPE) utbetalt nær 140 millionar kroner til norske pasientar som aldri burde vore opererte.

Annonse

Dei siste fem åra har Norsk pasientskadeerstatning (NPE) utbetalt nær 140 millionar kroner til norske pasientar som aldri burde vore opererte.

Til saman 355 pasientar har fått erstatning i perioden 2013-2017, fordi dei blei opererte utan at det var nødvendig eller riktig. Dei aller fleste sakene gjeld behandling i offentleg helseteneste. 56 prosent av pasientane er kvinner, 44 prosent er menn.

- Vi ser i sakene vi behandlar eksempel på operasjonar som ikkje burde vore gjennomført fordi kirurgi ikkje var den beste behandlingsløysinga for pasienten, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad i NPE.

NPE har lagt vekt på om pasientane har fått skadar dei sannsynlegvis ville unngått utan ein operasjon.

Blant pasientane som har fått medhald, er ei kvinne som feilaktig fekk fjerna eggstokkane, og som dermed mista moglegheita til å få eigne barn. Ein annan pasient fekk fedmekirurgi utan at det var godt nok grunnlag for det, og mista milten under operasjonen.

I fire av dei 355 sakene førte operasjonane til at pasienten døydde.

(©NPK)

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix