37-åring døydde i trafikkulykke på Ringerike

Ein mann (37) frå Hønefoss-området omkom då han kolliderte med ein lastebil ved Norderhov kyrkje i Ringerike kommune i Buskerud tysdag kveld.

Ein mann (37) frå Hønefoss-området omkom då han kolliderte med ein lastebil ved Norderhov kyrkje i Ringerike kommune i Buskerud tysdag kveld.

Ulykka skjedde på E16 rett ved kyrkja i 20-tida, og politiet bekrefta ein time seinare at ein person var omkommen. Det viste seg å vere ein 37-åring frå nærområdet.

Det var ein lastebil og ein personbil som kolliderte, ifølgje operasjonsleiar Marianne Mørch.

- Personbilen har komme over i motgåande køyrefelt, sa operasjonsleiaren til NTB.

Det var føraren av personbilen som mista livet. Føraren av lastebilen kom frå ulykka utan fysiske skadar.

På grunn av ulykka vart E16 stengt på staden, men opna igjen i løpet av natta.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix