37 drepne i samanstøytar i Den sentralafrikanske republikk

37 lik er funne i byen Alindao i Den sentralafrikanske republikk etter kampar mellom væpna grupper i området, opplyser FN.

- 37 dødsfall er stadfesta i Alindao, seier ein talsperson for FNs fredsbevarande styrke i landet (MINUSCA) fredag.

Tidlegare fredag vart det meldt at sju hadde vorte drepne då den kristne militsen Anti-Balaka gjekk til åtak mot muslimar dagen før, noko som utløyste eit hemnåtak der ein prest vart drepen og ei kyrkje vart påtent.

(©NPK)