Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): 40.000 fisk rømte då dei skulle lastast over i ein brønnbåt ved eit settefiskanlegg i Bergsfjorden i Troms onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 17:29
Sist oppdatert: 19.05.2016 kl 19:41
Hendinga skjedde ved anlegget til Akvafarm 18. mai og oppstod i tilknyting til lasting av brønnbåt, skriv Fiskeridirektoratet på nettsidene sine.
Seksjonssjef Ernst Bolle i Fiskeridirektoratet region Nord seier at det er snakk om ei stor rømming.
– Det er minst 10.000 fisk som har rømt, men det totale talet veit vi ikkje før litt seinare, seier Bolle til NTB.
Geir Svendsen, driftsleiar ved Akvafarm, opplyser derimot til NRK at det er snakk om 40.000 fisk.
– Dette er første gong laks har rømt frå oss på dei 30 åra vi har drive anlegget. Ikkje berre fører det til eit økonomisk tap for oss, det verste er at det også er med på å øydeleggje ryktet til næringa, seier han.
Svendsen fortel at det var til saman 116.000 småfisk i karet fisken blei flytta over frå. Botnen losna, og mykje fisk kom seg altså unna. Fisken har ei gjennomsnittsvekt på cirka 80 gram.
Bolle seier dei fryktar at den rømte fisken blandar seg med stadeigne bestandar og dermed øydelegg det genetiske materialet som er særeige for områda den kjem til. (©NPK)