40 drepne i terrorangrep mot moské på New Zealand - tre arresterte

40 menneske er drepne og 20 alvorleg såra i angrep mot moskear i Christchurch på New Zealand. Tre er arresterte, mellom dei ein valdeleg høgreekstremist.

To menn og ei kvinne er arresterte i samband med skytinga som fann stad like etter at fredagsbønna starta rundt klokka 13.40 i Noor-moskeen i Christchurch. 40 personar mista livet, medan 48 er skadde, ifølgje Radio New Zealand (RNZ).

Eit vitne fortel RNZ at ein mann ikledd militærjakke, hjelm og briller, gjekk inn i moskeen og avfyrte skota.

- Det var eit nøye planlagt angrep, men verdiane våre kan ikkje bli svekt av dette angrepet. Eg fordømmer ideologien til personane som stod bak dette. Dei valde kanskje oss, men vi avviser dykk fullstendig, sa New Zealands statsminister Jacinda Ardern.

Fredagsbønn

Fredagsbønna er ei bønn der muslimar verda over kvar veike samlast i nærliggjande moskear. I det fredagsbønna byrja i Noor-moskeen i Christchurch, avfyrte ein av gjerningsmennene skot mot folkemengda. Ifølgje leiar Mustafa Farouk i ein muslimsk paraplyorganisasjon på New Zealand, kan så mange som 500 ha vore i Noor-moskeen då skytinga fann stad.

- Eg såg døde menneske overalt, siger vitna Len Peneha.

Kort tid seinare kom det melding om skyting i ein annan moske, Linwood-moskeen, i same by. Då politiet i tillegg fekk kontroll på fleire bombebilar rundt omkring i byen, valde dei å sperre av skular og gater.

Også Cathedral Square vart sperra, der tusenvis av elevar og studentar skulle halde ei klimamarkering. Politioverbetjent Mike Bush uttalte at «det blir ikkje meir alvorleg enn dette».

Fordømmer terror

Politiet opplyste først at tre menn og ei kvinne var arresterte, men statsminister Jacinda Ardern siger ein av dei er sjekka ut av saka. Ein av dei antatte gjerningsmennene er ein australsk høgreekstrem terrorist, opplyser Australias statsminister Scott Morrison.

- Eg fordømmer det valdelege, høgreekstreme terrorangrepet som tok livet av så mange uskuldige newzealendarar i det dei på fredeleg vis skulle praktisere trua si i moskeane i Christchurch, skriv Morrison på Twitter.

Dette er ein av dei mørkaste dagane i New Zealands historie, siger statsminister Ardern etter massakren.

- Mange av dei som er ramma av denne skytinga, kan ha innvandrarbakgrunn eller til og med vere flyktningar. Dei har velta å gjere New Zealand til heimen sin og New Zealand er heimen deira. Dei er oss. Personane bak denne valden, er ikkje oss. Dei har ingen plass i New Zealand, siger ho.

Åtvarar mot video

Newzealandsk politi åtvarar mot å dele ein video som skal vise ein glattbarbert kvit, korthåra mann som køyrer til ein moske der han byrjar å skyte i det han går inn i bygningen. AFP har analysert videoen som vart direktesendt på Facebook Live og konkludert med at han er ekte. Videoen er likevel ikkje verifisert av politi eller andre.

- Vi oppfordrar på det sterkaste til at videolenkja ikkje blir delt. Vi jobbar med å få fjerna alle opptak, uttalar politiet vidare.

(©NPK)

Politiet seier situasjonen i Christchurch er av ekstrem risiko. Bebuarar blir bedne om å halde seg unna gatene. Foto: Mark Baker / AP / NTB scanpix

200 personar var i moskeen i høve fredagsbønna, skriv New Zealand Herald. Andre media melder om opp til 300 og 500 personar. Foto: Mark Baker / AP / NTB scanpix

Politiet på New Zealand ber folk om å halde seg unna området der det har vore to skytingar fredag. Foto: AP / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...