Klargjør siden...
Annonse

42 ukjente helleristningsfelt oppdaga i Østfold

(NPK-NTB): På litt over eitt år har hobbyarkeolog Tormod Fjeld funne 42 ukjente helleristingsfelt i Østfold. Figurane kan vere nesten 3000 år gamle.

– Når du finn flotte figurar som er laget av menneske frå fortida hogga inn i fjellet, som kanskje ingen har sett på 3000 år, då kjennest det spesielt, seier Fjeld til Moss Avis.

På litt over eitt år og eit tresifra tal turar har Fjeld funne 42 nye felt. Eit felt er ein flate på eit fjell med ein eller fleire figurar, og eit felt kan liggje åleine i landskapet, eller saman med fleire andre.

Tidlegare var det registrert seks helleristningsfelt i Råde. Etter Fjelds turar er talet no 28. I tillegg har han funne 19 felt i Fredrikstad og eitt i Sarpsborg. Hobbyarkeologen fortel at han finn mange ulike figurar på turane sine, men betydninga av helleristningane er framleis ukjent.

Arkeolog David Vogt ved kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er ein av landets fremste ekspertar på helleristningar. Han seier helleristingane er lagde i yngre bronsealder, i perioden frå år 800 til 500 f.Kr.

– Helleristingar er noko av det vanskelegaste å forske på frå fortida. Vi veit veldig lite om samfunna frå den tida. Men ein kan anta at helleristingane var symbol og bilete som var meint som kommunikasjon, seier Vogt. (©NPK)