Annonse
Annonse

45 millionar kroner frå Forskingsrådet til å redusere forskjell i helse

45 millionar kroner blir delte ut til forsking for å redusere forskjell i helsetenesta. Forsking på barn med autisme og personar med demens er blant prosjekta.

I tillegg skal forskarar undersøkje mental helse til minoritetsungdom som har flykta åleine til Noreg, og barn og unge med kronisk nyresjukdom, opplyser Forskingsrådet, som står for tildelinga.

– Det er behov for meir forsking som kan utvikle helsetenestene og bidra til god og treffsikker diagnostikk, behandling og rehabilitering. Meir klinisk forsking, både i primær- og spesialisthelsetenesta, er nødvendig, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Pengane blir fordelte på to prosjekt ved Universitetet i Bergen, eitt prosjekt ved Oslo universitetssjukehus og eitt ved NTNU.

Mange utsette pasientgrupper er i lita grad inkludert i kliniske studiar som evaluerer behandlingseffekt, diagnostikk og rehabilitering.

– Helsetenester som er tilpassa behova til ulike pasientgrupper, kan bidra til å redusere sosiale forskjellar i helse. Forskingsbasert kunnskap om ulike behov er avgjerande. Eg er derfor glad for at fire viktige prosjekt som vil få fram kunnskap om dette skal finansierast, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

(©NPK)

Forskingsrådet deler ut 45 millionar kroner til forsking for å redusere ulikskapar i helsetenesta, opplyser direktør Mari Sundli Tveit.
Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK