Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): 5.440 tilsette i blant anna politiet, Nav, departementa, skatteetaten og universitets- og høgskulesektoren går ut i streik torsdag dersom meklinga i statsoppgjeret ikkje fører fram.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 14:56
Sist oppdatert: 20.05.2016 kl 15:15
Meklingsfristen går ut ved midnatt natt til torsdag neste veke.
Hovudsamanslutningane varslar fredag at dei i første fase vil ta ut 5.440 tilsette dersom partane ikkje kjem til semje.
LO Stat vil ta ut 3.191 medlemmer. Særleg blir Høgskolen i Oslo og Akershus, Utanriksdepartementet, i tillegg til Nav og skattekontor i Oslo og Mo i Rana råka.
Unio tek ut 1.969 medlemmer, dei fleste frå politiet og i universitets- og høgskulesektoren.
YS tek ut 280 medlemmer i første uttak, dei fleste administrativt tilsette i departementa, i tillegg til tilsette i Tolletaten.
Dei tre organisasjonane organiserer til saman rundt 100.000 statstilsette og varslar at fleire medlemmer vil bli tekne ut i streik dersom partane ikkje blir einige. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.