Annonse

50 år sidan det første skrittet vart tatt på månen

Laurdag kveld er det 50 år sidan månelandinga. Bilda av astronautane og landingsfartøyet på overflata av månen er i dag ein del av vårt felles minne.

Fleire millionar menneske følgde Tv-sendingane. På nettstaden til TV-kanalen CBS blir dei historiske sendingane strøyma om igjen på dei same tidspunkta som i 1969.

Apollo 11- ekspedisjonen landa på månen søndag 20. juli 1969, klokka 21.17.42 norsk tid. Astronautane Neil Armstrong, Buzz Aldrin og Michael Collins var om bord i fartøyet. Snautt sju timar seinare vart Neil Armstrong det første mennesket som sette foten på overflata til månen.

- Dette er eit lite skritt for éin mann, men eit kjempesprang for menneskja, sa Armstrong då han tok det historiske steget ned på overflata til månen. Armstrong var leiar om bord i Apollo 11.

21 timar

Eit krater på månen omkring 48 kilometer unna landingsstaden er kalla opp etter Neil Armstrong, men hovudpersonen sjølv var alltid beskjeden når han snakka om hendinga.

- For å vere ærleg hadde eg mine tvil då eg gjekk inn i prosjektet. Det var så mange ukjente faktorar inne i bildet. Ikkje visste vi særleg om korleis vi skulle sende eit fartøy til rommet og få det tilbake igjen, og endå mindre om korleis menneskekroppen ville reagere på å opphalde seg i rommet over tid, sa Armstrong då han besøkte Oslo i 2006.

Dei heldt til drygt 21 og ein halv time på månen, utførte fleire vitskaplege målingar og tok månestøv med tilbake til Jorda.

I løpet av denne tida gjennomførte Aldrin mellom anna den første månenattverda i historia med brød og altervin.

Hendinga vart ikkje kringkasta, og både NASA og Aldrin sjølv heldt tett om det i fleire år etter måneferda. Aldrin har seinare uttrykt tvil om det var riktig av han å ta nattverd på månen, sidan astronautane var komne dit som representantar for alle menneska, og ikkje berre for dei kristne.

1972

Ei rekke ubemanna sovjetiske og amerikanske romsondar har bidratt til utforskinga av månen.

Den første landinga vart gjort av Luna 2 i 1959. Sovjetunionens Luna-program sørgte for mange landingar på månen, det første bildet av «baksida» av månen og retur av prøvar av månestøv til jorda for første gong.

I alt seks bemanna romferder har landa på månen med til saman 12 menn.

Førebels siste menneske på månen var der i 1972.

(©NPK)

Eit bilde frå TV-sendinga frå månelandinga. Til høgre ser ein astronaut Neil Armstrong. Nærmare landingsfartøyet ser ein Edwin E. Aldrin. Astronautane fortel at det å gå på månen var som å gå på mjuk sand. Dei lét etter seg fleire centimeter djupe fotavtrykk overalt kor de bevegde seg i støvet på månen. Foto: AP / NTB scanpix NTB.

20. juli 1969 klokka 21.17.40 norsk tid landet fartøyet Eagle på månen. Foto: Neil Armstrong / NASA via AP / NTB scanpix

20. juli 1969 var Apollo 11 framme ved månen. Armstrong og Aldrin drog ned til overflata med ein egen landingsmodul, kalla Eagle - Ørnen. «Ørnen har landet», lydde Armstrongs berømte bodskap tilbake til bakkekontrollen i USA. Foto: NASA via AP / NTB scanpix

Neil Armstrong var sjef på romfartøyet Apollo 11. Med på ferda var også Buzz Aldrin og Michael Collins. Frå venstre Neil Armstrong, Michael Collins og Edwin E. «Buzz» Aldrin. Foto: NASA via AP / NTB scanpix

20. juli er det 50 år sidan den amerikanske astronauten Neil Armstrong det første mennesket til å sette sin fot på månen. Idet han gjekk ut på månens overflate og sa: 'Dette er et lite skritt for et menneske, men et kjempesprang for menneskja». Berre tolv mann har gått på månens overflate; de er framleis de einaste menneska som har sett sin fot på et anna himmellekam.