200 bustader tatt av skogbrannar i Australia

Fleire titals skogbrannar rasar framleis i dei knusktørre skogområda på Australias austkyst. Stadig fleire blir tvinga til evakuering, mange for andre gong.

Dei mest intense brannane herjar i dei nordaustlege delstatane New South Wales, med storbyen Sidney, og Queensland. Sidan fredag har over 200 bustadhus vorte tatt av flammane i New South Wales. Her har kjøligare vêr letta situasjonen noko, men i Queensland var det onsdag full mobilisering mot minst 80 ulike brannstader.

Mange lokalsamfunn rundt i New South Wales har opplevd å bli evakuerte fleire gonger, sidan vindane snur og flammane på nytt fer gjennom det tørre skogs- og busklandskapet. Onsdag gjekk det ut varsel om umiddelbar evakuering frå fleire kystområde nord for Brisbane, mellom anna badebyen Noosa, melder Reuters.

Torevêr venta

Raudt varsel, det mest akutte brannvarselet, omfattar mesteparten av Queensland, der temperaturane er høge og kraftig torevêr er venta.

- Vi står overfor endå ein krevjande dag, og vêrmeldingane viser at vi ikkje er gjennom dette enno, seier Michael Wassing ved brann- og krisekommisjonen i delstaten.

Totalt har over 300 bustader vorte øydelagde av brann sidan førre veke. Forsikringsselskapa opplyser at det er komme inn minst 450 meldingar om skadar og nedbrunne hus. Talet er venta å stige. Berre natt til onsdag vart 50 nye hus tatt av flammane.

Tysdag var det varsla om «katastrofal brannfare» i Sydney og nærliggande område som følgje av varmt og tørt vêr, med temperaturar over 30 grader og kraftig vind. New South Wales' førsteminister Gladys Berejiklian seier ho er letta over at øydeleggingane på tysdag ikkje vart verre. 21 personar har fått skadar, 13 av dei er brannmenn.

Enormt omfang

Sidan skogbrannsesongen starta i oktober, har meir enn 1,1 millionar hektar vorte øydelagde. Det er den samla totalen for dei siste tre skogbrannsesongane, ifølgje brannvesenet.

Det er vanleg med mindre brannar i utmarka i Australia, men i år starta skogbrannsesongen tidleg. Lite nedbør blir sett på som årsaka. Det er ikkje meldt om nedbør i delstaten på lang tid.

Brannane har ført til ein heftig politisk debatt om beredskap og klimapolitikk. Særleg har det liberalkonservative regjeringspartiet og det vesle opposisjonspartiet Dei grøne vore i tottane på kvarandre.

Tidlegare visestatsminister Barnaby Joyce går så langt som å seie at klimaaktivistane er medskuldige i brannkatastrofen ved at dei har motarbeidd praksisen med å starte kontrollerte brannar for å rydde busklandskapet og hindre ukontrollerte brannar.

Statsminister Scott Morrison har late vere å kommentere klimaspørsmål medan brannane rasar, og han ber partane dempe utfalla.

(©NPK)

Operahuset i Sydney med bakteppe av røyk frå alle skogbrannane i nærleiken av byen tysdag. Foto: Peter Tálos / NTB scanpix

Fleire tital brannar rasar framleis i dei knusktørre skogane i det austlege Australia.
Foto: Australian Broadcasting Corporation via AP/NTB scanpix

Røyken veltar opp frå skogane i Wollemi i delstaten New South Wales.
Foto: Australian Broadcasting Corporation via AP/NTB scanpix