Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ein 17 år gammal gut frå Troms har fått ei bot på 7.000 kroner etter at han tok vare på nakenbilete han fekk på Snapchat.
npk@npk.no
Publisert: 06.07.2016 kl 18:14
Guten hadde elleve bilete og fire videofilmar av mindreårige jenter og gutar i seksualiserte samanhengar på sin harddisk, melder NRK.
– Mange synest det er spennande med slike bilete, men det er altså ulovleg når dei som er avbilda, er under 16 år, seier politiadvokat Marie Lygre ved Lenvik lensmannskontor.
Ho seier det er ulovleg å ta vare på slike bilete, og at ein får straff når det blir oppdaga.
– Men det alvorlegaste er jo at dette vil følgje han i åra som kjem. At han har fått straff for eit sedskapsbrotsverk, vil jo vise på framtidige politiattestar, seier Lygre.
Guten har vedtatt førelegget på 7.000 kroner.
I førre veke vart ein 21 år gammal mann frå Hedmark i Eidsivating lagmannsrett dømt til 120 dagars fengsel utan vilkår for blant anna å ha lasta ned og delt over 35.000 bilete. Bileta, som var publisert utan samtykke frå dei som var avbilda, stamma blant anna frå Snapchat.
I dommen understreka lagmannsretten alvoret i å leite opp og publisere, og i tillegg identifisere og katalogisere intime bilete av unge jenter, sjølv om jentene i utgangspunktet sende inn bileta frivillig. (©NPK)