70 nye koronadødsfall i Italia

70 nye koronarelaterte dødsfall er registrerte i Italia det siste døgnet. Det er 47 færre enn døgnet før, viser tal frå styresmaktene.

Til saman har landet registrert 33.142 koronarelaterte dødsfall.

Samtidig har det samla talet stadfesta smittetilfelle nådd 231.732 etter at 593 nye påviste tilfelle vart registrerte siste døgn, opplyste italienske helsestyresmakter torsdag.

Det reelle dødstalet blir anteke å vere høgare sidan mange med koronasymptom på omsorgsbustader eller i eigen heim har døydd dei siste månadene utan å ha vorte testa.

(©NPK)

Italienarar i Roma blir sjekka for koronasymptom på ein mellombels klinikk i Roma. Foto: AP / NTB scanpix