Annonse

75 barn var bortførte frå Noreg til utlandet i 2019

I 2019 var 75 barn registrerte bortført frå Noreg til utlandet. Elleve barn er registrerte bortført frå utlandet til Noreg.

Det viser statistikken frå regjeringa for barnebortføringar mellom 2005–2019 som vart offentleggjort denne veka.

Til samanlikning var det registrert 71 bortførte barn frå Noreg til utlandet i 2018, medan 24 barn var bortførte frå utlandet til Noreg.

Internt i Noreg var 86 barn bortførte i 2019, mot 95 barn året før.

823 barn bortførte frå Noreg

Til saman dei siste 15 åra er det registrert 823 bortførte barn frå Noreg til utlandet, medan 333 barn er registrerte bortført frå utlandet til Noreg i same periode.

Talet på saker er i alle tilfelle færre enn talet på barn, då fleire barn kan tilhøyre same bortføringssak.

Frå Noreg var det registrert flest barnebortføringssaker til Polen (37) og Storbritannia (36). Frå utlandet til Noreg var det flest barnebortføringssaker frå Polen (32) og USA (29).

Avslutta saker

I 2019 var det 30 bortføringssaker frå Noreg til utlandet som ikkje var avslutta, medan det var seks saker frå utlandet til Noreg som ikkje var avslutta.

Sakene blir sette på som avslutta når barnet eller barna er førte tilbake til bustadlandet sitt basert på ei avgjerd etter ein av Haag-konvensjonane, at det finst ei rettskraftig avgjerd om at barnet ikkje skal sendast tilbake, at foreldra har vorte samde om kvar barnet skal bu, eller ved at den skuldige vel å reise heim frivillig.

Kan vere feil

Tala i statistikken er ein samanstilling av sivile internasjonale barnebortføringssaker til eller frå Noreg som Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har registrert.

Det blir understreka at statistikken baserer seg på ei manuell teljing, og at det derfor kan vere feil i tala.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix