Klargjør siden...
Annonse

750.000 mål mindre dyrka mark på 15 år

(NPK-NTB): Dei siste 15 åra er arealet med fulldyrka jord per innbyggjar i Noreg redusert med rundt 20 prosent. Arealet som er borte, svarar til rundt 100.000 fotballbaner.

For 15 år sidan var det rundt to mål fulldyrka jord per innbyggjar i Noreg. I dag er det talet nesten nede i 1,5 mål, skriv Nationen. Bortfallet av matjord er størst vest, nord og sør i landet. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at rundt 750.000 mål fulldyrka jord er blitt borte dei siste 15 åra, eit område som altså svarar til over 100.000 fotballbaner.

Byar som veks og matjord som går ut av drift i såkalla marginale jordbruksområde, er forklaringa på nedgangen, som i liten grad er bremsa av nydyrking.

– Nedgangen er betydeleg og har gått føre seg over lengre tid. Resultatet er at sjølvforsyningsgraden går ned dersom avlingane held seg på same nivå som før, seier seniorforskar Jostein Vik ved forskingsstiftinga Norsk senter for bygdeforskning i Trondheim.

– Det er mogleg å bremse utviklinga, men det krev målretta tiltak mot dei områda der nedgangen er størst, meiner han.

Sjølvforsyninga har også gått ned dei siste åra. For 15 år sidan vart 45 prosent av det norske matforbruket produsert i det norske jordbruket. No er den delen under 40 prosent, ifølge tal frå Helsedirektoratet. (©NPK)

Annonse