Annonse

833 nye koronadødsfall i Frankrike

833 menneske er døde i Frankrike det siste døgnet etter å ha vorte smitta av koronaviruset. Det er det høgaste talet sidan utbrotet starta.

– Vi har enno ikkje nådd toppen av denne pandemien, sa helseminister Olivier Veran på ein pressekonferanse måndag kveld.

8.911 er no registrerte døde i landet, og talet omfattar menneske som har døydd både på sjukehus og aldersheimar. Tidlegare vart berre dødsfall på sjukehus teke med i utrekninga.

98.010 menneske har fått påvist koronaviruset i Frankrike, ein auke på over 5.000 frå søndag til måndag.

(©NPK)