Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Filmprodusent Synnøve Hørsdal er tildelt årets Aamot-statuett, som er bransjeorganisasjonen Film & Kinos ærespris.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 14:12
Prisen vart delt ut i samband med Film & Kinos representantskapsmøte i Oslo. I tillegg til å vere filmprodusent, er Hørsdal dagleg leiar og medeigar i produksjonsselskapet Maipo Film.
– Ho har ikkje berre produsert framifrå filmar, men også deltatt aktivt i å forme ut den norske filmpolitikken og bidratt til gode rammevilkår for filmproduksjon, skriv Film og Kino i ei pressemelding.
Aamot-statuetten vert delt ut til personar som har gjort ein framifrå innsats i eller for norsk film eller filmproduksjon. Statuetten er laga av skulptør Arne N. Vigeland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.