Aasland om straumforsyninga i Noreg: Neste vinter må vi ha full kontroll

Regjeringa legg truleg fram tiltak fredag som skal avgrense krafteksporten i krisetid. Olje- og energiministeren meiner vi må ha full kontroll neste vinter.

– Eg er oppteken av forsyningstryggleiken i Noreg, at det skal vere nok straum når vi treng det, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til TV 2.

– Neste vinter så er det jo klart at vi må ha full kontroll, seier han.

Regjeringa har kalla inn til pressekonferanse fredag morgon om tiltak for å betre forsyningstryggleiken for kraft. Der vil dei truleg leggje fram ordninga, den såkalla styringsmekanismen, som skal avgrense krafteksporten i krisetid. Dagbladet erfarer at ordninga skal leggjast fram.

Den skal tre i kraft når fyllingsgrada i fleirårsmagasina når eit konkret, kritisk minimumsnivå, ifølgje tidlegare utsegner frå regjeringa. Formålet er å sørgje for at forsyningstryggleiken i Noreg ikkje blir svekt når fyllingsgrada blir låg.

EU-kommisjonen har påpeika at Noreg ikkje har rett til å avgrense krafteksporten gjennom utanlandskablane som følgje av EØS-avtalen. Systemoperatørane i Sverige, Finland og Danmark skreiv nyleg i ei felles pressemelding at dei var «djupt bekymra».

Aasland meiner regjeringa vil vere på trygg grunn.

– Det å vareta nasjonal forsyningstryggleik er ei nasjonal sak, og det er veldig tydeleg klarert ut at det er fullt ut eit handlingsrom for det innanfor til dømes EØS-avtalen, seier han.

(©NPK)

Olje- og energiminister Terje Aasland meiner Noreg må ha full kontroll over forsyninga av straum neste vinter. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK