Annonse
Annonse
Annonse

Aaslestad held fram som leiar av Forskerforbundet

(NPK-NTB): Petter Aaslestad (62) er attvald som leiar av Forskerforbundet for ein periode på tre år. Det avgjorde representantskapet i organisasjonen på eit møte onsdag ettermiddag.

Annonse

– Eg gler meg til å halde fram, seier Aaslestad.

Det å ta vare på arbeidsvilkåra til dei tilsette når universitet og høgskular no skal slåast saman, blir ifølgje Aaslestad ei hovudsak for forbundet framover.

– I tillegg skal vi arbeide for at kompetansen til medlemmene våre blir brukt i omstillinga av den norske økonomien, seier han.

Petter Aaslestad er professor i nordisk litteraturvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Han er òg leiar for statsutvalet i Unio, som forhandlar lønn på vegner av om lag 32.000 statstilsette Unio-medlemmer.

Forskarforbundet er den største fag- og interesseorganisasjonen for tilsette i forsking, høgare utdanning og kunnskapsformidling. Forbundet har rundt 20.000 medlemmer. (©NPK)