Annonse

Abdullah Alsabeehg (35) blir Oslos nye varaordførar

Abdullah Alsabeehg vann avstemminga i bystyregruppa til Oslo Arbeidarparti og blir Oslos nye varaordførar med 15 stemmer, får Avisa Oslo stadfesta.

Dei andre kandidatane Jon Reidar Øyan (40) og Line Oma (39) fekk høvesvis seks og to stemmer frå den utvida bystyregruppa til Oslo Arbeidarparti, skriv avisa.

Søndag vart det klart at eit fleirtal på tre ønskte Øyan som varaordførar, medan dei andre to ønskte Alsabeehg. Kort tid etter dette vart det klart at bystyrerepresentant Line Oma ville stille til kampvotering om vervet.

(©NPK)

Abdullah Alsabeehg er stemt fram som ny varaordførar i Oslo etter eit møte i bystyregruppa til Oslo Arbeidarparti måndag. Her er han med Hadia Tajik.
Foto: Heiko Junge / NTB