Aberdeen blir stengd ned etter smitteutbrot

Skottland gjeninnfører nedstengingstiltak i og rundt byen etter at det er registrert ein auke i nye smittetilfelle, opplyser førsteminister Nicola Sturgeon.

Innbyggjarane i Aberdeen får ikkje lov til å besøkje kvarandre og kan ikkje reise over åtte kilometer frå heimane sine, ifølgje Sturgeon.

Alle overnattings- og serveringsstader, utandørs og innandørs, vil bli stengde. 20 pubar og restaurantar har vore involverte i det Sturgeon kallar eit «betydeleg utbrot»

Tiltaka, som kjem same veke som styresmaktene hadde planlagt å gjenopne mange av skulane, skal bli vurdert etter sju dagar.

– Viss vi handlar no, gir det oss tid og rom for å verne moglegheita våre yngre har til å vende tilbake til undervisning, sa ho på ein dagleg pressekonferanse om koronapandemien.

Aberdeen, som har 229.000 innbyggjarar, har registrert 54 nye smittetilfelle det siste døgnet, ifølgje styresmaktene. Det har til saman vorte registrert 2.491 dødsfall.

Skottland har ikkje registrert nokon nye dødsfall i samband med koronasmitte 20 dagar på rad.

(©NPK)

Skottlands førsteminister Nicola Sturgeon på NHOs årskonferanse tidlegare i år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix