Abid Raja godtek orsakinga frå Grande - seier han har full tillit til partileiaren

Venstre-topp Abid Raja har skværa opp med partileiar Trine Skei Grande, som midt i budsjettprosessen på Stortinget skjelte ut partifellen medan andre høyrde på.

- No har Trine beklaga den samtalen. Ho har beklaga at ho sa det, og ho har beklaga det ho sa. Eg tek den orsakinga til meg og aksepterer han fullt ut, seier Raja til NTB torsdag ettermiddag.

- Gode leiarar erkjenner feila sine. Trine er ein god leiar som har erkjent feila sine. Eg har fått ei orsaking og legg no heile denne episoden bak meg, held stortingsrepresentanten fram.

Han viser til at dei to Venstre-toppane har kjent kvarandre i to tiår.

- Ein kjennskap som har vart i 20 år, set ein ikkje strek over fordi det skjer episodar kor det, som ho seier, gjekk ei kule varmt. Vi har jobba tett og godt saman for Venstre, og vi kjem til å jobbe tett og godt saman for Venstre framover, seier Raja.

Han meiner det er ei god side ved det norske samfunnet både å be om orsaking når ein gjer feil og å akseptere ei orsaking som blir gitt.

Vart skjelt ut

Det halvtimes lange forsoningsmøtet på Stortinget torsdag, der òg parlamentarisk leiar Terje Breivik var til stades, kom ifølgje Raja i stand etter at han kontakta Grande sist måndag. Han seier møtet enda med at dei to gav kvarandre ein klem.

Grande måtte tidlegare i veka legge seg flat og beklage etter at ho baksnakka Raja, som er finanspolitiske talsmann i Venstre, i ein telefonsamtale med Høgres Henrik Asheim 10. november, midt under budsjettforhandlingane på Stortinget.

Asheim hadde sett på høgtalaren på mobilen då han i eit budsjettmøte ringde opp Grande for ei budsjettavklaring om støtte til organisasjonen Human Rights Service (HRS). Med fleire finanspolitikarar til stades overhøyrde Raja partileiaren seie at ho, ifølgje fleire medium, meinte Raja undergrov heile budsjettprosessen og partiet.

- Sjokkerande

Raja stadfestar samtalen overfor NTB. Han vil ikkje gå nøyaktig inn på kva som vart sagt, men tilbakeviser heller ikkje det som er referert i media.

- Det var veldig overraskande. Eg var fullt uførebudd på den samtalen, uvitande. Vi vart sett ut alle saman, det var litt sjokkerande, seier Raja.

Uvissa om korleis Venstre i budsjettforhandlingane ville stelle seg til spørsmålet om kutt i støtta til HRS var årsaka til at Asheim ringde til Grande.

- Det er eit forbetringspotensial på kommunikasjon om korleis saker har vorte forvalta på ulike nivå. Eg og Grande er einige om at kommunikasjonen skal forbetrast, seier Raja.

Venstre-profilen vart sjukmeld i etterkant av utskjelling frå Grande, men er no tilbake i jobb på Stortinget.

- Full tillit begge vegar

Hendinga har gitt ny næring til spekulasjonar om at Raja skal vere ute etter å overta Grandes jobb, noko hovudpersonen kategorisk avviser.

- Eg er ikkje ute etter å ta jobben til Trine. Det har vore nokre spekulasjonar om dette. Det vil eg på det sterkaste avkrefte.

- Eg har Trines tillit til å vere medlem i finanskomiteen og gjere den jobben partiet treng av meg der. Og Trine har tillita mi til å vere partileiar. Vi står samla bak henne som partileiar, seier han.

Raja skjønner samtidig at folk stiller spørsmål om korleis Venstre-leiinga skal kunne samarbeide godt i fortsetjinga med den saka som no er blottstilt offentleg.

- Eg forstår at det kan stå fram vanskeleg. Eg kan òg erkjenne at det å byggje opp att den tillita, tek litt tid. Men vi har starta prosessen godt no, seier han.

- Gode leiarar erkjenner feila sine. Trine er ein god leiar som har erkjent sine feil. Eg har fått ei orsaking og legger no heile denne episoden bak meg, seier stortingsrepresentant Abid Raja. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Abid Raja avviser at han er ute etter jobben til Venstre-leiar Trine Skei Grande. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Abid Raja vart sjukmeldt i etterkant av Trine Skei Grandes utskjelling, men er no tilbake i jobb på Stortinget. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...