Advokat slår alarm om dramatisk vektnedgang for norsk 4-åring i Al-Hol-leiren

Ein norsk gut i Al-Hol-leiren i Syria er no så sjuk at han står i fare for å døy, åtvarar advokaten til familien, Nils Christian Nordhus.

- Eg er ekstremt bekymra. Guten døyr. Han har vedvarande diaré og ein vektnedgang som er skremmande. Han veg no mindre enn den to år yngre søstera, og omtrent det same som eit gjennomsnittleg norsk eittåring, seier Nordhus til VG.

Han står i fare for å døy viss han ikkje får eit anna helsetilbod, åtvarar Nordhus, som fredag ettermiddag hadde eit nytt møte med Utanriksdepartementet (UD) om saka.

- Eg har lagt fram den nye og viktige helseinformasjonen om tilstanden til guten og den generelt elendige humanitære situasjonen i leiren. Svaret er at politikken til regjeringa ligg fast, og det er vi skuffa over, seier Nordhus.

UD: - Tilbod har vorte avslått

Regjeringas linje er at barna kan hentast heim, men ikkje mødrene deira. Mødrene må seie frå seg barna for at UD kan hente dei heim. Mor til guten vil ikkje gi sonen frå seg.

Statssekretær Audun Halvorsen (H) skriv i ein e-post til NTB at Utanriksdepartementet over tid har arbeidd for å legge til rette for medisinsk oppfølging i Al-Hol, basert på oppfordringar og bekymringsmeldingar frå mor og advokaten hennar.

- Dei helsetilboda som er formidla, er så langt avslått av mor. Utanrikstenesta vil framleis prøve å legge til rette for medisinsk oppfølging av guten, men all eventuell bistand føreset samtykket til mor, skriv Halvorsen.

Alvorleg diagnose

Guten har vore internert i flyktningleiren Al-Hol i Syria saman med den norske mora (29) og den tre år gamle veslesøstera sidan mars, då familien kom ut av IS-enklaven Baghouz.

Fireåringen skal ha cystisk fibrose, som krev avansert behandling. Helsepersonell ved feltsjukehuset i Al-Hol har konkludert med at dei ikkje kan gi fireåringen behandlinga han treng.

Mora er under etterforsking av Politiets tryggingsteneste (PST), mistenkt for deltaking i ein terrororganisasjon. Ho nektar for å ha gjort noko gale. I eit brev til advokaten til kvinna har Utanriksdepartementet gjort det klart at dei berre kan hjelpe til med retur for barna, ikkje mora.

Politisk betent

Saka er politisk betent og har splitta regjeringa: Frp vil ikkje ha retur av framandkrigarar, KrF krev at både barna og mødrene får komme heim, medan Venstre har jobba for å hente ut barna.

PST har anslått at det er rundt 20 framandkrigarar med norsk tilknyting i Syria og Irak, inkludert dei norske kvinnene som har vore gift med dei. I tillegg skal det vere mellom 30 og 40 barn med norsk tilknyting i området.

Noreg har henta heim fem foreldrelause barn frå Syria, og også Sverige har henta heim foreldrelause barn.

Land som Russland, Albania og Frankrike har derimot henta heim både barn og kvinner frå Syria.

(©NPK)

Advokat Nils Christian Nordhus fryktar at den norske fireåringen i al-Hol-leiren døyr viss han ikkje får snarleg behandling. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix