Annonse

Advokaten til Strømsgodset-varslaren: – Det viktigaste er at ein blir trudd

Fredag kvitta Strømsgodset seg med Henrik Pedersen. Advokaten til varslaren Eirik Monsen seier at det viktigaste for klienten hans er å bli trudd.

– Klienten min står for at det viktigaste er at varslingssaka blir behandla på ein grundig måte og at ein blir trudd, seier Monsen til Discovery.

– Saka har eskalert veldig, men det har på ingen måte vore ønsket til klienten min å leggje press på verken trenar eller klubb, seier han.

Det har vore hektisk møteverksemd i Strømsgodset sidan media før påskehelga gav offentlegheita innblikk i skuldingane om uønskt åtferd frå Pedersen.

Det er ikkje offentleg kjent kva dei konkrete episodane går ut på, eller kva personar i drammensklubben som skal vere utsett for ytringane. Likevel starta det heile med at ein i klubben varsla om rasisme.

Godset opplyste langfredag at klubbleiinga «nyleg blei gjort kjende med påstandar om at hovudtrenar Henrik Pedersen i enkelte samanhengar skal ha brukt ord som kan oppfattast som rasistiske».

Pedersen har tilbakevist alle skuldingar, og han uttalte etter møtet på måndag at han var svært glad over at han var reinvaska for dei alvorlege skuldingane om rasisme.

Strømsgodset avslutta fredag samarbeidet med den rasismeskulda trenaren Henrik Pedersen. Dansken seier det vart umogleg å forsvare seg mot skuldingane.

– Klubben held i denne saka vidare. Ballen ligg i aller høgaste grad hos dei når det gjeld vidare behandling, seier advokat Monsen.

(©NPK)

Henrik Pedersen er ferdig som Strømsgodset-trener. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB