Ajers Celtic i uvant ligatrøbbel

Celtic er inne i sin verste sesongstart på 20 år. To tap på seks ligakampar er vanskeleg å svelgje for den skotske giganten.

Søndag rauk Celtic 1-2 borte mot Kilmarnock. Det skjedde utan Kristoffer Ajer i Glasgow-klubbens midtforsvar. Den norske landslagsstopparen har dei siste dagane slite med eit virus.

Ajer spelte heller ikkje då Celtic tapte 0-1 for Hearts i 2. serierunde. Då sat han på benken heile kampen.

- Når du er ein stor klubb, er det alltid eit krav om å vinne. Dei siste åra har vi gjort det veldig bra og spelt på ein måte som står i stil med klubben. Det har ikkje vore det same (i det siste), og vi må jobbe for å bli betre, sa Celtic-manager Brendan Rodgers til BBC etter tapet søndag.

Celtic, som har vunne den skotske ligaen sju sesongar på rad, står med berre 10 av 18 moglege poeng. Hearts toppar tabellen seks poeng framfor Ajer og co.

I sommar måtte Celtic avfinne seg med at det ikkje vart eit tredje år på rad med meisterligafotball. Skottane kom til kort i nest siste hinder i kvalifiseringa.

Torsdag kunne dei glede seg over ein knapp seier over Rosenborg i første gruppekamp i Europaligaen. Leigh Griffiths kom innpå og avgjorde like før slutt.

(©NPK)

Alt går ikkje på skjener for Celtic-manager Brendan Rodgers om dagen. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix