Annonse

Aker BP-brønn avdekte opptil 200 millionar fat olje i Nordsjøen

Aker BP har funne mellom 82 og 208 millionar fat olje i nordaust for Alvheim i Nordsjøen. Den aktuelle leitebrønnen er avslutta.

Annonse

Aker varsla om funnet i undersøkingsbrønnen Liatårnet for to veker sidan, skriv E24. I samband med at brønnen er avslutta opplyser Oljedirektoratet at funnet er berekna til mellom 13 og 32 millionar standard kubikkmeter utvinnbar olje, noko som svarer til mellom 82 og 208 millionar fat oljeekvivalentar.

- Leitesuksessen på Liatårnet er eit gledeleg resultat av ein langsiktig strategi for å avdekke potensialet i Noaka-området og etablere grunnlag for ei samla områdeutbygging. Dette funnet representerer ein betydeleg auke i ressursgrunnlaget for området, seier leitedirektør Evy Glørstad-Clark i Aker BP.

Aker BP og Equinor er sentrale spelarar Noaka-området, men det er stegle frontar mellom selskapa, som ifølgje E24 ikkje er samde om korleis Noaka skal byggast ut.

(©NPK)

Aker BP har funne mellom 82 og 208 millionar fat olje i nordaust for Alvheim i Nordsjøen. Den aktuelle leitebrønnen er avslutta. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix