Aktivistar hevdar over 500 er drepne i Nicaragua

Minst 528 menneske er drepne og minst 4.100 såra sidan demonstrasjonane mot Nicaraguas president Daniel Ortega starta i april, ifølgje menneskerettsaktivistar.

I tillegg er over 1.600 menneske bortførte av væpna gjengar med band til regjeringa, og berre 123 av desse er sette fri, opplyser Det nicaraguanske menneskerettsforbundet (ANPDH).

Protestane braut ut i samband med at Ortega og regjeringa hans prøvde å innføre pensjonskutt. Sidan er pensjonsreforma trekt tilbake, men demonstrasjonane og gatekampane har fortsett.

(©NPK)

Demonstrantar blir køyrde vekk etter å ha vorte arresterte under ein protestmarsj i Managua 14. oktober. Foto: Alfredo Zuniga / AP / NTB scanpix