Alaphilippe: - Vi har ikkje laget til å vinne Tour de France
Tour de France-leiar Julian Alaphilippe nærmar seg sensasjon, men veit at éin dårleg dag er alt som skal til for at samanlagtsigeren skal gleppe.
Franskmannen har gong på gong overraska i årets ritt. Med seks etappar igjen leier 27-åringen det største sykkelrittet i verda med dryge eitt og eit halvt minutt på regjerande meister Geraint Thomas. Bak jagar òg andre kanonar som Thibaut Pinot, Steven Kruijswijk og Egan Bernal.
I den siste veka ventar fire tøffe etappar i dei franske alpane. Alaphilippe elskar å sykle med den gule leiartrøya, men veit at det ikkje er mykje som skal til for at han mistar han.
- Eitt minutt og tre sekund føre, det er både mykje og veldig lite. Ei svakheit på eit fjell i 15-20 kilometer så er alt over, sa han på kviledagen måndag.
På førehand hadde dei aller færraste trudd at Alaphilippe skulle blande seg inn i kampen om å vinne Tour de France. No er han plutseleg ein realistisk kandidat. 27-åringen hadde neppe trudd det sjølv før rittet starta. Han meiner i alle fall at laget hans Quickstep ikkje er eigna for å vinne.
- Vi har ikkje laget til å vinne Tour de France. Vi visste alle det då vi kom hit med tre leiarar på laget. Oppgåva mi var å få til noko i byrjinga av Touren. Ein kan ikkje ha fem hjelparar til kvar leiar, sa han.
I tillegg til Alaphilippe, blir det satsa hardt på spurtar Elia Viviani og klatraren Enric Mas. Førstnemnde snytte Alexander Kristoff for etappesiger på den fjerde etappen. Spanske Mas er nummer 26 i samandraget.
(©NPK)
Julian Alaphilippe leier Tour de France når rittet går inn i den siste veka. Foto: Christiohe Ena / AP / NTB scanpix