Alf-Helge Aarskog har tent 112 millionar kroner som konsernsjef i Mowi

Med Alf-Helge Aarskog i sjefsstolen, har Mowi-aksjen gitt ei avkasting på 893 prosent.

Sjølv har han tent 112 millionar kroner og sit på aksjar for 9 millionar, skriv Finansavisen onsdag.

Mowi, tidlegare kjent som Marine Harvest, er eit sjømatselskap med hovudkontor i Bergen. Tysdag morgon overraska selskapet aksjemarknaden med ei børsmelding om at Alf-Helge Aarskog går av som konsernsjef etter over ni år i sjefsstolen.

Sidan Aarskog hadde den første arbeidsdagen sin 19. juli 2010, har Mowi-aksjen gitt ei avkasting på 893 prosent inkludert utbytte. I same periode har Aarskog tent 112 millionar kroner i lønn, bonus og aksjebasert lønn.

- Viss du ser på fastlønna til Alf-Helge, ligg den langt lågare enn snittet for liknande selskap. Bonusen han får har vore basert på resultata til selskapet, og den har gitt nesten full pott kvart år, med eit tak på 50 prosent av fastlønna, seier styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Mowi.

Finansdirektør Ivan Vindheim overtar rolla som konsernsjef med verknad frå onsdag. Han har vore finansdirektør sidan 2012, og har tidlegare hatt same stilling i Lerøy Seafood.

- Det ligg ingen dramatikk bak avgangen. Alf-Helge har hatt stillinga i nesten ti år og meinte at det var nok i ein så krevjande jobb, seier Lerøy.

(©NPK)

Alf-Helge Aarskog, administrerande direktør i Mowi ASA, varsla tysdag at han sluttar som sjef etter nesten ti år. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix