Alternativ trening for Moan etter Planica-smell

Magnus Moan fekk eit ublidt møte med reklamegjerda i botnen av hoppbakken i Planica søndag. Verst gjekk det utover skuldra.

Kombinertprofilen klarte ikkje gå rulleskirennet i Slovenia etter uhellet, og måndag bekrefta Moan på sin Twitter-konto at det blir alternativ trening dei kommande dagane.

Veteranen kan samtidig vere glad det ikkje gjekk verre då han deisa inn i vantet i botnen av bakken med stor kraft.

- Eg gjorde konkurransehoppet, køyrde ned på sletta og skulle prøve å stoppe. Eg merka at eg hadde litt for stor fart og reiste meg opp for å prøve å ploge, akkurat som ein gjer på vinteren. Men der eg skulle ploge var det knusktørt, og dermed stupte eg framover, forklarar Moan på si Facebook-side.

- Eg klarte å kaste inn hovudet, men trefte vantet i altfor stor fart. Eg slo skuldra og hofta mi ganske kraftig, legg han til.

Trønderen kunne til alt hell raskt fastslå at han ikkje hadde knekt noko. Dermed slepp han eit svært uheldig treningsavbrekk i ein viktig del av sesongoppkøyringa.

- Eg klarer å bevege både det eine og det andre. Ingenting er brekt, berre veldig forslått. No må eg komme meg heim og få lappa saman kroppen. Kjedeleg at dette skjedde, men eg håpar eg no har gjort unna alt med knall og fall før vinteren, seier han.

Ein vond ankel har også skapt problem for Moan den siste tida. Den har han fått behandling for med trykkbølgjer i håp om å bli smertefri.

- Det er litt tidleg å seie korleis dette slår ut, sa han til NTB nyleg.

Kombinertveteranen vart vraka frå landslaget før den kommande VM-sesongen, men satsar for fullt på eiga hand.

(©NPK)

Magnus Moan datt i Planica søndag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix