Alvorleg varslarsak mot Trump blir halden hemmeleg - Demokratane krev innsyn

Det kvite hus nektar å gi Kongressen innsyn i ei alvorleg varslarsak mot Donald Trump. Det reagerer Demokratane kraftig på. Ukraina kan vere involvert i saka.

Varslaren, som jobbar for etterretningsvesenet, skal ha opplevd Trumps handlingar som så alvorlege at vedkommande sa frå til generalinspektøren i etterretninga, som er etatens vaktbikkje.

To kjelder med nær kjennskap til saka opplyser til avisa Washington Post at klagesaka dreier seg om ein samtale Trump har hatt med ein utanlandsk leiar og ein «lovnad» som presidenten gav, og dessutan at delar av varslarsaka involverer Ukraina.

Også New York Times melder at Ukraina er involvert.

- Fleire hendingar

Ifølgje generalinspektøren er varslarsaka både alvorleg og prekær, og det dreier seg om «ei rekke hendingar». Saka involverer òg «det viktigaste ansvaret til etterretningsleiinga».

Men meir har ikkje dei folkevalde i Kongressen fått vite. Då generalinspektør Michael Atkinson møtte til ei lukka høyring i etterretningskomiteen i Representanthuset torsdag kveld, nekta han å gi dei folkevalde detaljar om saka som følgje av ein ordre frå Trump-administrasjonen.

- Oppspinn

Trump sjølv avviser det heile som «falske nyheiter».

- Er nokon dumme nok til å tru at eg ville sagt noko upassande til ein utanlandsk leiar medan eg er i det som kanskje er ein «sterkt folka» samtale, spør han på Twitter.

Han viser til at kvar og ein samtale han har med ein utanlandsk leiar, blir lytta til av fleire etatar både i USA og det andre landet.

Blant dokumenta som Demokratane i Kongressen vil ha tilgang til, er ei utskrift av telefonsamtalen som Trump hadde med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj 25. juli.

(©NPK)

Leiaren for etterretningskomiteen, demokraten Adam Schiff, etter den lukka høyringa i Representanthuset torsdag kveld. Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB scanpix

President Donald Trump under eit besøk ved ein del av muren som er bygd ved grensa til Mexico. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix