Amazon Prime gjer det enklare å avslutte abonnement etter klagesak

Etter ei klage frå Forbrukarrådet lovar Amazon å gjere det lettare for brukarar å avslutte abonnement på strøymetenesta Prime.

– Dette er ei viktig konstatering av det skal vere like lett å avslutte, som å inngå eit abonnement, seier fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

I 2021 klaga rådet og ei rekkje andre forbrukarorganisasjonar Amazon inn for urimeleg handelspraksis i strid med marknadsføringslova.

Bakgrunnen for klaga var at dei rekna det som vanskeleg for forbrukarar å kansellere Amazon Prime-abonnementa sine. Rådet meinte at Amazon tvinga brukarar gjennom ei rekkje steig som medvite forvirra med tekst og design for å gjere det vanskeleg å avslutte abonnement.

Det europeiske forbrukarnettverket CPC, der Forbrukartilsynet deltek, har no avslutta behandlinga av klaga. Amazon lovar å få på plass ei løysing der du enkelt kan melde deg av.

(©NPK)

Selskapet Amazon lovar å få på plass ei enkel løysing for å kansellere abonnement på strøymetenesta Prime etter ei klage frå Forbrukarrådet. Arkivfoto: Reed Saxon / AP / NTB