Annonse

Amerikansk havarikommisjon kopla på Viking Sky

Sjøfartsavdelinga i Statens Havarikommisjonen er måndag på plass i Molde for å finne ut kva som gjekk gale då Viking Sky fekk motorstans i Hustadvika laurdag.

- Sjølova seier i utgangspunktet at vi først skal gjere undersøkingar dersom eit fartøy har gått ned eller der menneske omkjem, men terskelen er lågare når det dreier seg om passasjerskip. Den høge risikoen skip, passasjerar og mannskap var utsett for gjorde at vi vedtok å starte undersøkingar, seier avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth i Havarikommisjonen til Bergens Tidende.

Liseth seier at den amerikanske havarikommisjonen (NTSB) har meldt seg for å vere med på undersøkingane.

- Det var ei stor mengde amerikanarar om bord. Det er slik at rørte land har høve til å delta i arbeidet når ein har hatt folk om bord i fartøyet som er utsett for ei ulykke, seier han.

Cruiseskipet hadde passasjerar frå mange land, og fleire statar kan komme til å melde inn interesse for å delta i arbeidet.

- Vi drar til Molde med tre personar i dag. Vi skal samle saman alt som finst av elektronisk informasjon frå skipet. På brua finst ein voyage data recorder (VDR) som vil gi oss innblikk i kva som skjedde der, seier avdelingsdirektøren.

Kommisjonen vil òg gjennomgå annan lydinformasjon frå skipet, mellom anna frå motorrommet.

- Her er det for eksempel ein heil del alarmar og loggar som skal gjennomgåast. Vi vil samarbeide med politiet om undersøkingane. For vår del blir dette standard gjennomgang følgd av full rapport om hendinga, seier avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth.

(©NPK)

Den amerikanske havarikommisjonen vil også ta del i undersøkingane. Her kjem cruiseskipet til Molde søndag. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix