Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Politiet i Los Angeles undersøkjer ein kniv som er funnen på ein eigedom som O.J. Simpson – som vart frikjent for drap på ekskona og vennen hennar – eigde i si tid.
npk@npk.no
Publisert: 04.03.2016 kl 19:03
O.J. Simpson vart frifunnen for drapa på 1990-talet, men i 2008 vart den tidlegare fotballstjerna dømd til 33 års fengsel for fleire andre brotsverk, deriblant væpna ran og bortføring.
Politiet i delstaten California undersøkjer no ein kniv som ein politibetjent skal ha fått frå ein bygningsarbeidar på den aktuelle eigedommen for fleire år sidan, skriv Los Angeles Times.
Kniven vart funnet på den eigedommen Simpson budde på i Brentwood da kona og vennen hennar vart drepne i 1994. Den no pensjonerte politimannen skal ha hatt kniven heime hos seg fram til for to månader sidan, fortel TMZ, som siterer ikkje namngitte kjelder.
Los Angeles-politiet sa på ein pressekonferanse fredag at dei framleis etterforskar korleis og når kniven dukka opp. Politiet skal ha vorte merksame på kniven for ein månad sidan og seier det framleis kan vere mogleg å finne DNA-spor på gjenstanden.
I 1995 vart den tidlegare idrettshelten og skodespelaren O.J. Simpson frifunnen for drapet på ekskona Nicole Brown og vennen hennar, Ronald Goldman, i ein av dei mest omtalte rettssakene nokosinne i USA. Brown vart stukken med kniv fleire gonger i halsen og hovudet, men politiet fann aldri drapsvåpenet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.