Annonse

Amerikanske krigsskip gjennom Taiwan-sundet

To amerikanske marinefartøy har segla gjennom Taiwan-sundet utan løyve frå Kina.

Annonse

Ifølgje forsvarsdepartementet på Taiwan gjorde den kinesiske marinen ikkje noko forsøk på å stanse dei to krigsskipa, og det har førebels heller ikkje komme protestar frå Beijing.

Sidan juli i fjor har amerikanske marinefartøy segla gjennom sundet som skil Taiwan frå fastlandet åtte gonger, ifølgje taiwanske styresmakter.

I førre månad sende kinesiske styresmakter ein formell protest til Frankrike etter at to franske krigsskip segla gjennom Taiwan-sundet 6. april.

Kina og Taiwan har vore skilt sidan 1949 då kommunistane vann den kinesiske borgarkrigen og overtok makta på fastlandet. Dei overvunne nasjonalistane søkte tilflukt på øya Taiwan.

I praksis har Taiwan fullt sjølvstyre, men Beijing held fast på at øya er ein del av Kina og truar med å invadere dersom leiinga i Taipei formelt erklærer sjølvstende.

USA anerkjente i 1979 Taiwan som ein del av «eitt Kina», men har samtidig eit nært militært samarbeid med øya.

(©NPK)