Amerikanske valmedarbeidarar får framleis drapstruslar

– Eg er jeger, og eg håpar du blir jakta på, fekk valansvarlege i Arizona høyre. Etter valet i fjor møter valmedarbeidarar i USA stadig vekk hat og truslar.

Trykket mot valmedarbeidarar er ein trussel mot demokratiet, åtvara fleire av dei då dei uttalte seg for ein komité frå det amerikanske Senatet tysdag.

Erfarne valmedarbeidarar og administratorar har slutta i jobbane sine etter mange månader med ugrunna skuldingar om valfusk.

– Det er ikkje verdt det lengre. Det er jobbar som ikkje har spesielt høg lønn, og som no opplever svært farlege truslar, seier administrasjonsminister og valansvarlege Katie Hobbs i Arizona.

Vakthald døgnet rundt

Ho stiller no som kandidat til å bli guvernør i staden. I periodar har Hobbs hatt vakthald døgnet rundt på grunn av truslar frå tilhengjarar av tidlegare president Donald Trump. Dei meiner, heilt ugrunna, at Trumps nederlag i Arizona kom av valfusk.

Demokraten Hobbs fortel om truande telefonar til arbeidsplassen hennar og om kritikarar som prøvde å få ektemannen sparka frå jobben hans. Det er CNN som fortel om telefonen ho fekk i september:

«Eg er ein jeger – og eg håper du blir jakta på. Du kjem aldri til å vere trygg i Arizona igjen», seier kvinna i motsett ende.

– Innanlandsterrorisme

– Dette er innanlandsterrorisme, la oss vere heilt klare. Heile poenget er å terrorisere, skremme og tvinge fram endringar, seier Al Schmidt, som er republikansk byråd og medlem i valstyret i Philadelphia.

Det vart færre truande telefonar etter at Joe Biden vart teken i eid som president, men så auka talet igjen medan Trump-tilhengjarar heldt fram med å krevje omteljingar av valresultatet.

Når mange erfarne valmedarbeidarar forlèt yrket kan det få verknader som øydelegg for moglegheita til å drive effektive og sikre val, meiner ekspertar.

– Det kan føre til lengre køar, stengde vallokale, truande åtferd mot veljarar, og mindre tillit til vala, seier Wade Henderson, som er leiar for Leadership Conference on Civil and Human Rights.

(©NPK)

Valmedarbeidarar i USA blir stadig vekk trua og trakassert. Foto: David Zalubowski / AP / NTB